D6 – Dekksoffiser klasse 6 begrensa

Arbeidsbåt ved oppdrettsanlegg

STCW

Sjøfartsdirektoratet har innført eit nytt sertifikat, Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 6 (D6). Alle som skal føre lasteskip over 8 meter i fartsområde liten kystfart, må frå 01.01.2024 ha sertifikat.

I perioden fram mot 01.01.2024 tilbyr Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) kurs i D6 begrensa gjennom praktisk prøve saman med assessor om bord på eigna fartøy. Vi tilår å ta eit oppfriskingskurs i forkant av praktisk prøve.

Innhald

  • Navigasjon
  • Navigasjonshjelpemiddel
  • Sjøvegsreglar og bruvakthald
  • Stabilitet og lastelære
  • Operasjonell leiing
  • Teknologi og motorlære

Meir om kurset

Målgruppe

Alle som skal føre fartøy opp til 15 meter

Krav

Dekksoffiser klasse 6 (D6) begrensa kompetansesertifikat kan utferdast til den som har 5 års fartstid etter 01.01.2015,  har gyldig helseerklæring for arbeidstakarar på skip, har minimum Short Range Certificate (SRC/VHF) og godkjent sikkerhetsopplæring for mindre skip.

Dato

Praktisk prøve og oppfriskingskurs blir sett opp på førespurnad, og/eller etter avtale med kunde. Klikk på lenka under for å melde interessa di.

Praktisk prøve/ utsjekk dekksoffiser klasse 6 (pameldingssystem.no)

Pris

11500,-

Oppgitt pris gjeld for tilrådd teoretisk opplæring og praktisk prøve ved SIM. Lokasjon kan avtalast nærare for grupper. 

Eksamen

Praktisk prøve/utsjekk blir gjennomført saman med assessor på båt. Kandidat blir vurdert av assessor ut i frå standariserte utsjekksskjema utstedt frå sjøfartsdirektoratet.

Praktisk informasjon