Hopp til hovedinnhold

Sikkerheitsopplæring for sjøfolk på mindre skip, med E-læring

Personer i sjø med redningsdrakt.

STCW-regel VI, avsnitt A-VI/1 og tabellar A-VI/1-1, 1-2, 1-3 og 1-4, tilpassa til skip under 24 meter i liten kystfart

Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr kurs i sikkerheitsopplæring for sjøfolk på mindre skip. Kurset er obligatorisk minstekrav for alle som skal tenestegjere om bord i fartøy under 24 meter, uavhengig av stilling.

Kurset skal sikre at deltakarane får sikkerhetsopplæring som gjer dei i stand til å opprettholde sikkerheita for både skip og mannskap i ulike situasjonar.

Kurset er samansett av ein e-læringsmodul som må vere fullført før oppmøte, samt teori og praktiske øvingar på kurssenteret. 

Innhald

Emna tar utgangspunkt i STCW-konvensjonens regel VI, Avsnitt A-VI/1 og tabeller A-VI/1-1, 1-2, 1-3 og 1-4, men innhald og omfang er tilpassa til skip med lengde (L) under 24 meter i fartsområde liten kystfart eller mindre.

• STCW A-VI/1-1 Personlege redningsteknikkar
• STCW A-VI/1-2 Førebyggande brannvern og brannslukking
• STCW A-VI/1-3 Grunnleggande førstehjelp
• STCW A-VI/1-4 Personleg sikkerheit og omsorg for menneskeliv og miljø

Kurset består av ein E-læringsmodul og ein dag på kurssenteret. E-læringsmodulen  vere fullført før oppmøte på kurssenteret. Det blir gjennomført ein teoretisk test ved oppmøte på kurssenteret.

Meir om kurset

Målgruppe

Sjøfolk som skal tenestegjere på lasteskip med lengde under 24 meter i fartsområde liten kystfart eller mindre.

Krav

Ingen

Dato

Sjå kurskalender og meld deg på

Pris

13 300,- per deltakar

Varigheit

36 timar fordelt på e-læring og 1 dag på kurssenteret. Kursstart kl. 08.30.

Eksamen

Ja

Repetisjon

Kvart 5. år

Praktisk informasjon