Grunnleggande sikkerheitsopplæring, med E-læring + 2 dag ved kurssenteret

Redningskurs med elever

STCW-regel VI/1, tabell A-VI/1-1, A-VI/1-2, A-VI/1-3, A-VI/1-4

Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr grunnleggande sikkerheitsopplæring. Kurset er obligatorisk for alle som skal tenestegjere om bord i fartøy, uavhengig av stilling. Kurset er godkjent og i samsvar med STCW konvensjonen med 2010 Manila-tillegg.

Kurset består av ein E-læringsmodul som må vere fullført før oppmøte, samt teori og praktiske øvingar på kurssenteret. 

Dekkjer krav i STCW konvensjonen med 2010 Manila-tillegga, A-VI/1-1,1-2, 1-3 og 1-4.

Kurset dekkjer også kravet om sikkerheitsopplæring for fiskarar (SOFF). 

Innhald

  • STCW Tabell A-VI/1-1 Personlege redningsteknikkar
  • STCW Tabell A-VI/1-2 Førebyggande brannvern og brannslokking
  • STCW Tabell A-VI/1-3 Grunnleggande førstehjelp
  • STCW Tabell A-VI/1-4 Personleg sikkerheit og omsorg for menneskeliv og miljø

Meir om kurset

Målgruppe

Obligatorisk kurs for sjøfolk som skal tenestegjere om bord i fartøy, uavhengig av stilling og posisjon.

Krav

Ingen

Dato

Sjå kurskalender og meld deg på

Pris

16 500,- per deltakar

Varigheit

Totalt består kurset av 50 skuletimar på 45 minutt, fordelt på e-læring og 2 dagar på kurssenter. Oppmøte kl. 08.30.

Eksamen

Ja

Repetisjon

Kvart 5. år.

Praktisk informasjon