Hopp til hovedinnhold

Medisinsk behandling

Ei hand som syr sår  eit sår

STCW-regel VI/4, tabell A-VI/4-2

Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr kurs i medisinsk behandling etter konvensjonskrav STCW A-VI/4-2. Kurset er godkjent og i samsvar med STCW med 2010 Manilla-tillegg.

Kurset gir grundig basisopplæring innan relevante emne med vekt på å trene opp praktiske ferdigheiter. Kurset dekkjer dei krava som er satt i STCW med 2010 Manilla-tillegg, tabell A-VI/4-2.

Innhald

  • Medikament og medisinsk utstyr om bord
  • Medisinsk rådgjeving over radio
  • Skadestad, pasientundersøking og transport
  • Livreddande førstehjelp
  • Skadebehandling
  • Sjukdomstilstandar
  • Toksikologiske farar om bord

Meir om kurset

Målgruppe

Dekksoffiserer og personell som har ansvar for å gi medisinsk behandling.

Krav

A-VI/4-1 Medisinsk førstehjelp.

  • STCW Grunnleggande Sikkerheitsopplæring
  • STCW Medisinsk behandling

Tidlegare gjennomført sikkerheitskurs skal ikkje vere eldre enn 5 år. Dersom kurset/sertifikatet er utgått, må du kunne dokumentere 12 månaders fartstid med gyldig kurs eller sertifikat for offiserar.

Dato

Ønskjer du å delta på dette kurset kan du ta kontakt med oss på e-post sim@vlfk.no.

Pris

Kr 14.900,- inkludert lunch 

Varigheit

Totalt 40 timar med e-læring og praksis. 

Repetisjon

Kvart 5. år.

Praktisk informasjon