Hopp til hovedinnhold

Praktisk informasjon

Lunsj

Lunsj er inkludert i kursavgifta.

Dokumentasjon

Ta med dokumentasjon på forkunnskap. Alle som skal ta repetisjonskurs må ved oppstart vise kursbevis med gyldig dato. Du finn meir informasjon om forkunnskap på nettsida til det enkelte kurset.

Klesskift

Dersom kurset du skal delta på omfattar sjøredning,  ta med skifteklær i tilfelle du blir våt.

Adresse

Nordfjordvegen 9081
6718 Deknepollen

Du finn oss 5 minutt med bil frå Måløy sentrum og hurtigbåtterminalen. Ta til høgre ved Måløy vidaregåande skule, og følg veien ned mot sjøen. 

 

imagebebeu.png

Sjå i kart

Parkering

Gratis parkering utanfor bygget.

Overnatting

Gjennom hotellavtalen vår med Thon Hotel Måløy kan kundane våre få overnatting til avtalepris. Deltakar er sjølv ansvarleg for overnatting, med unntak av hurtigbåt- og assessorkurs, der ein ved påmelding kan velje å inkludere overnatting i servicepakke. 

Faktura

Kursavgift blir fakturert og sendt elektronisk, og skal vere betalt innan første kursdag dersom ikkje noko anna er avtalt.  Ved førehandsbetaling skal kvittering leggast fram ved kursstart. Prisane vert justert ved nyttår.

Avbestilling

Om du ikkje kan gjennomføre kurset du er påmeldt, ver venleg å gi beskjed så snart råd er.

Ved avbestilling mindre enn ei veke før kursstart blir kursavgift fakturert med 50%.

Dersom ein har meldt seg på og ikkje møter opp, blir kursavgift fakturert.