Hopp til hovedinnhold

D6 – Dekksoffiser klasse 6

Tre personer holder ein laks i båt ved oppdrettsanlegg

STCW

Sjøfartsdirektoratet har innført eit nytt sertifikat, Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 6 (D6). Alle som skal føre lasteskip over 8 meter i fartsområde liten kystfart, må frå 01.01.2024 ha sertifikat.

Innhald

Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) tilbyr kurs i D6 gjennom e-læring, digitale samlingar, eksamen og praktisk opplæring i skipssimulator ved kurssenteret. I tillegg planlegg vi gjerne bedriftstilpassa kurs saman med kunde, der den praktiske delen av kurset går føre seg på avtalt lokalitet/stad. Ta kontakt om de ønskjer bedriftstilpassa kurs, så finn vi gode løysingar saman. 

Den teoretiske opplæringa går føre seg ved bruk av e-læring og består av tekst, bilete, videoar, oppgåver og ein avsluttande test. Her blir det også lagt til rette for digitale samlingar via teams, der instruktør har gjennomgang av fagstoff, oppgåveløysing og spørsmål. Når deltakarane har fullført e-læringa skal ein ta skriftleg eksamen i dei ulike emna som inngår i opplæringa. Eksamen og praktisk opplæring blir gjennomført hos SIM eller hos kunde ved bedriftstilpassa kurs. Kurset omfattar ein teoretisk del med ei varigheit på 110 timar e-læring, digitale samlingar + 5 dagar med eksamen og praktisk opplæring. E-læringa er omfattande, så vi tilrår å starte med den ca 3 månader før ein skal gjennomføre den praktiske delen av kurset.

  • Navigasjon
  • Navigasjonshjelpemiddel
  • Sjøvegsreglar og bruvakthald
  • Stabilitet og lastelære
  • Operasjonell leiing
  • Teknologi og motorlære
  • Praktisk opplæring

Meir om kurset

Målgruppe

Alle som skal føre fartøy opp til 24 meter i fartsområde liten kystfart

Krav

Dekksoffiser klasse 6 (D6) kompetansesertifikat kan utferdast til den som er fylt 18 år, har gyldig helseerklæring for arbeidstakarar på skip, har minimum Short Range Certificate (SRC/VHF) og godkjent sikkerhetsopplæring for mindre skip.  

Etter gjennomført utdanning må deltakaren ha enten 12 månander fartstid eller godkjent praktisk prøve for å søkje ut D6-sertifikat.

Dato

Sjå kurskalender og meld deg på

Pris

Kurs inkludert eksamensavgift: 34.000,- (fartøy opp til 24 meter)

Varigheit

E-læring har eit tidsperspektiv på minimum 110 timar med påfølgande 5 dagar med eksamen og praktisk opplæring med stort fokus på gode øvingar i simulator. 

Eksamen

Teoretisk eksamen i 6 emne.   

Praktisk informasjon