Hopp til hovedinnhold

Sikkerheitssenteret i Måløy

Bilde viser bygget og området kor Sikkerehitssenteret i Måløy held til.over

Vi gir deg marine og maritime kurs og utdanning

Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) er ei avdeling ved Måløy vidaregåande skule med mål om å drive sikkerheitsopplæring og andre maritime kurs for sjøfolk og skipsoffiserar. Gjennom samlokalisering med Måløy vidaregåande skule og Fagskulen Vestland, studiestad Måløy, er vi del av eit sterkt fagleg miljø med mykje kompetanse innan maritim opplæring.

Hovudfokuset vårt er kursing og utdanning innan maritim verksemd. SIM er godkjent av Sjøfartsdirektoratet til å avvikle STCW-kurs, og er sertifisert og godkjent av DNV som maritimt treningssenter.

Vi har gode fasilitetar for teoretisk opplæring og praktiske øvingar. Senteret ligg ved kaia kor vi har øvingsområde for sjøredning, livbåtar og mob-båt, og vi har eit eige øvingsfelt for brann. I tillegg kan vi gi simulatortrening for skipsoffiserar i eit av Norges mest avanserte maritime simulatormiljø.

Flaggskipet vårt blant simulatorane er den unike 360° fullskala skipssimulatoren vår. Vi har også tre andre skipssimulatorar, maskinromssimulator, VTS-simulator, ECDIS og GMDSS. I første rekke blir simulatorane brukt til trening av maritimt personell, og vi brukar dei i mange av kursa du finn i kurskalenderen vår.

Vi lagar også skreddarsydde kurs og simulatorbaserte modellar for eksterne oppdragsgjevarar, primært innan maritim sektor, men også for andre næringar. I tillegg er den 360° fullskala skipssimulatoren vår mykje brukt til visning og presentasjonar, og til uttesting av spesifikke prosjekt.