Hopp til hovedinnhold

Grunnleggande sikkerheitsopplæring for fiskarar, E-læring

DSCF1464_1.jpg

STCW - F kap. III

Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr grunnleggande sikkerheitsopplæring for fiskarar. Kurset er eit obligatorisk minstekrav for alle som skal tenestegjere om bord i eit norskregistrert fiskefartøy.

Kurset er godkjent og i samsvar med krava i STCW-F konvensjonens Kapittel III, Regel 1 om grunnleggande sikkerheitsopplæring for alt personell på fiskefartøy. 

Fiskarar som har fullført grunnleggande sikkerheitsopplæring i samsvar med § 3 eller anna godkjent sikkerheitsopplæring, skal innan åtte år, men ikkje før fem år er gått, ha gjennomgått eit repetisjonskurs på minst 20 timar. Deretter skal alle gjennomgå tilsvarande repetisjonskurs mellom kvart femte og åttande år etter siste kurs.

Kurset består av ein E-læringsmodul og to dagar på kurssenteret. E-læringsmodulen må vere fullført før oppmøte på kurssenteret. Det blir gjennomført ein teoretisk test ved oppmøte.

Innhald

  • Nødprosedyrer/nødsituasjoner
  • Personlege overlevingsteknikkar
  • Brannhindring og brannslokking
  • Elementær førstehjelp
  • Hindring av marin forureining og hindring av ulykker om bord

Meir om kurset

Målgruppe

Alle fiskarar som driv ervervsmessig fiske frå norske fartøy uavhengig av storleik.

Krav

Ingen

Dato

Sjå kurskalender og meld deg på

Pris

18.700,- per deltakar inkludert lunch

Varigheit

51 timar fordelt på e-læring og 2 dagar på kurssenteret. Kursstart alle dagar kl. 08.30.

Eksamen

Ja

Repetisjon

Kvart 5 - 8. år.

Praktisk informasjon