Hopp til hovedinnhold

Grunnleggande sikkerheitopplæring for fiskarar oppdatering, 2 dagar ved kurssenteret

DSCF4600.jpg

STCW - F kap. III

Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr oppdateringskurs i grunnleggande sikkerheitsopplæring for fiskarar.

Kurset er godkjent og er i samsvar med krava i STCW- F konvensjonen Kapittel III, Regel 1 om ”Grunnleggande sikkerheitsopplæring for alt personell på fiskefartøy”.

Fiskarar som har fullført grunnleggande sikkerheitsopplæring i samsvar med § 3 eller anna godkjent sikkerheitsopplæring, skal innan åtte år, men ikkje før fem år er gått, ha gjennomgått eit repetisjonskurs på minst 20 timar. Deretter skal alle gjennomgå tilsvarande repetisjonskurs mellom kvart femte og åttande år etter siste kurs.

Fiskarar som ikkje har gjennomgått repetisjonskurs i samsvar med første ledd, må gjennomføre grunnleggande sikkerheitsopplæring i samsvar med § 3 på nytt.

Innhald

Utvalte seksjonar frå Sikkerhetsopplæring for fiskere grunnkurs.

  • Personlege redningsteknikkar/nødsituasjonar
  • Førebyggande brannvern og brannslokking
  • Grunnleggande førstehjelp
  • Personleg sikkerheit/HMS/regelverk

Meir om kurset

Målgruppe

Alle fiskarar som driv ervervsmessig fiske frå norsk båt/fartøy, uansett storleik.

Krav

STCW - F Sikkerhetsopplæring for fiskere.

Dato

Sjå kurskalender og meld deg på

Pris

9.400,- per deltakar inkludert lunch

Varigheit

20 timar over 2 dagar

Repetisjon

Kvart 5. - 8. år.

Praktisk informasjon