Hopp til hovedinnhold

Invitasjon til miniseminar om brann i Litium-ion batteri

Brann på MF "Ytterøyingen"

Tid: tysdag  24. januar kl 1300-1600

Stad: Sikkerheitssenteret i Måløy

Sikkerheitssenteret i Måløy arrangerar årleg ein rekkje hurtigbåtkurs i samarbeid med Hurtigbåtforbundet. Deltakarane på kursa representerar alt frå små skyssbåtrederi til store ruteselskap og charterverksemd.

Batteridrift er på full fart inn i denne bransjen. I vårt område har vi allereie ei elektrisk ferge. Om ikkje lang vil det komme fleire hurtigbåtar med hybride framdriftssystem, og på litt lenger sikt kjem heilelektriske båtar mellom Bergen og Selje. Allereie til sommaren får Måløy vidaregåande skule nytt opplæringsfartøy, - også det med hybrid framdriftssystem.

Dessverre har vi sett nokre hendingar med brann i batterirom om bord i slike hybridfartøy. Heldigvis utan alvorlege personskader, men hendingane viser klart at det er potensiale for alvorllege ulykker. Slike brannar er kompliserte å slukke, og krev spesielle tiltak både når det gjeld evakuering, handtering av fartøyet og slukking av brannen. Alle svar er ikkje på plass, men det er viktig å trekke lærdom av det som har skjedd.

Gjennom eit miniseminar ønskjer vi å sette fokus på brann i Litium-ion batteri. Vi trur at fleire som vil bli involvert i ei eventuell hending med brann om bord i slike fartøy, kan ha nytte av å delta på seminaret.

På miniseminaret vil Åge Lie fra Bergen brannvesen fortelje om utfordringane dei møtte ved slukking av brannen om bord i hybridferga Ytterøyingen, samt andre situasjonar med brann i batteri. Fra verftet i Danmark vil prosjektleiar Stig Antonsen fortelje om korleis det batteritekniske blir løyst om bord i det nye opplæringsfartøyet Skulebas.

Vi har difor gleda av å invitere deg til miniseminar.

Klikk på lenka under for å melde deg på.

Miniseminar - Brann i Litium-ion batterier (pameldingssystem.no)