STCW
Sjøfartsdirektoratet har innført eit nytt sertifikat, Kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 6 (D6). Alle som skal føre lasteskip over 8 meter i fartsområde liten kystfart, må frå 01.01.2024 ha sertifikat.
Innhald
Sikkerheitssenteret i Måløy (SIM) tilbyr utdanning i D6 gjennom e-læring, digitale samlingar, eksamen og praktisk opplæring i skipssimulator ved kurssenteret. I tillegg planlegg vi gjerne bedriftstilpassa kurs saman med kunde, der den praktiske delen av kurset går føre seg på avtalt lokalitet/stad. Ta kontakt om de ønskjer bedriftstilpassa kurs, så finn vi gode løysingar saman.
Den teoretiske opplæringa går føre seg ved bruk av e-læring og består av tekst, bilete, videoar, oppgåver og ein avsluttande test. Her blir det også lagt til rette for digitale samlingar via teams, der instruktør har gjennomgang av fagstoff, oppgåveløysing og spørsmål. Når deltakarane har fullført e-læringa skal ein ta skriftleg eksamen i dei ulike emna som inngår i opplæringa. Eksamen og praktisk opplæring blir gjennomført hos SIM eller hos kunde ved bedriftstilpassa kurs. Opplæringa omfatta ein teoretisk del med e-læring og digitale samlingar tilsvarande 80 timar, og ein praktisk del med eksamen og praktisk opplæring tilsvarande 45 timar. Vi tilrår deg å starte opp ca 3 månader før ein skal fullføre utdanninga ved eksamen og praktisk opplæring.
Emner
- Navigasjon
- Navigasjonshjelpemiddel
- Sjøvegsreglar og bruvakthald
- Stabilitet og lastelære
- Operasjonell leiing
- Teknologi og motorlære
- Praktisk opplæring