Krav til forkunnskap
Alle kursdeltakarar må ved oppstart vise fram legitimasjon og gyldig kursbevis eller sertifikat i tråd med krav til forkunnskap for det aktuelle kurset. Du finn meir informasjon om krav til forkunnskap på nettsida under kvart enkelt kurs. Ta kontakt med oss på førehand om du er usikker på om du oppfyller krava.
Klede til øvingar
SIM held klede for praktske øvingar som til dømes drakter og støvlar. Deltakar må sjølv ta med ekstra klede til å ha under drakt, gjerne ullklær, eller klede til å skifte til etter øving.
Hotellavtale
Vi har avtale med Thon Partner Hotel Måløy. Ved bestilling oppgi rabattkode THC1291, eller gi beskjed om at du er kursdeltakar hos oss. Rabatt førset at det er ledige rom på hotellet.
Telefon: 57 84 94 00 E-post: maloy@olavthon.no
Mat og drikke
Lunch og kaffi er inkludert i kursavgifta. Hugs å gi beskjed om eventuelle allergier på førehand.
Parkering
Det er gratis å parkere utanfor bygget.
Adresse
Nordfjordvegen 9081
6718 Deknepollen
Du finn oss 5 minutt med bil frå Måløy sentrum og hurtigbåtterminalen. Ta til høgre ved Måløy vidaregåande skule, og følg veien ned mot sjøen. Sjå i kart
Betaling
Alle privatkundar må betale før kursstart. Bedriftskundar vert vanlegvis fakturert etter oppstart av kurset. Faktura vert sendt elektronisk. Prisane vert justert ved nyttår eller ved eventuelle endringar som til dømes endring i regelverk i høve krav til omfang, innhald o.l.
Vilkår ved avbestilling og kansellering
Avbestilling inntil 30 dagar før planlagt kurs medfører ingen kostnader.
Avbestilling mindre enn 30 dagar før planlagt kurs medfører 30% avbestillingsgebyr.
Avbestilling 7 dagar eller færre før planlagt kurs, eller om deltakar ikkje møter opp, medfører fakturering av kursavgift.
Dersom deltakar ikkje kan møte på grunn av sjukdom, kan deltakar be om å bli flytta til neste kursdato dersom det er ledig plass.