STCW med 2010 Manila tillegg:

STCW med tillegg: SIM har godkjenning

 

Frå og med 1. juli 2013 skal alle STCW-kurs vere etter dei nye emneplanane, og nye krav til sikkerheitsopplæring er gjeldande.

Bakgrunnen for dei reviderte emneplanane og kravsendringane frå Sjøfartsdirektoratet er den nye STCW med 2010 Manila tillegg, også kalla STCW med tillegg. Dette erstattar STCW-95.

SIM har godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet på alle kurs etter STCW med 2010 Manila tillegg.

Ver oppmerksom på at der er nye krav til sikkerheitsopplæring for alle sjøfolk. Blant anna er det no krav til oppdatering (repetisjon) kvart 5. år for alle.

Endring av namn og nye kurs

Ein del av kursa har endra namn, for eksempel vil «IMO60» skifte namn til «Grunnleggende sikkerhetskurs» og «IMO-80» vil heite «Videregående sikkerhetskurs».
Nye kurs vil komme til, som blant anna inkluderer oppdateringskurs for overnemnde kurs. Dei vil heite «Oppdatering grunnleggende sikkerhetskurs» og «Oppdatering videregående sikkerhetskurs». Rep. IMO-60 og Rep. IMO-80 vil bli erstatta av desse to kursa.

 
Alle våre kurs er i henhold til nye fagplaner basert på STCW 2010 og godkjent av Sjøfartsdirektoratet.

Ta kontakt med oss for å få vite kva kurs du treng og kor tid du må ta dei.

 STCW 2010 Manilla amendments

For å sjå fleire nyheiter frå SIM, velg Nyhetsarkiv i hovudmeny eller trykk her.