Studietur til Bergen

Ut på tur - aldri sur...

Gruppebilde_skule

Torsdag og fredag i veke 19 var SIM på sitt årlige planeggingstokt til Bergen, med innlagt faglig påfyll.Turen startet med gruppemøte på Hurtigruten, der en gikk gjennom forskjellige tema i løpet av dagen, og blant anna kursplan for hausten vart fastsatt.
Det sosiale aspektet er sjølvsagt viktig på ein slik tur, og etter en god arbeidsøkt ombord hurtigruta på torsdagen, vart dagen avslutta med ein god middag og konsert med Finn Kalvik.

Fredag var fullbooka med faglig påfyll og inspirasjon, og vi starta dagen med besøk på skolen for dristige hjerner i samspill; Nordahl Grieg videregående skole.
Skulen er ny og det første elevkullet starta opp hausten 2010. Klasserom

shake_the_treeDen arkitektoniske utforminga er innovativ og spennande for eit skulebygg, med store innvendige og utvendige flater av glas.

 

 

 

 


AuditoriumMen like spennande er skulen si pedagogiske grunntanke om læring gjennom samhandling, og ei sterk satsing på IKT-basert læring.
Eit ekstra høgdepunkt for vår kjære Bjørg var å få møte en av sine heltinner, som og hadde tatt turen til skulen
denne dagen JErna_og_Bjrg

 

 

 

 

Ein stor takk til Rektor Lin Holvik, Ass. Rektor Lise Holsen Skei og Avdelingsleder knutepunkt Kari Danielsen for at dei tok imot oss.Lin_Erna_og_Svein

Link til skulen si heimeside finn du her.


Etter ein kort lunsj gikk turen til Norsk senter for maritim medisin (NSMM), som driftar Radio Medico.ncmm_logo
Her vart vi møtt av tre fantastiske og entusiastiske legar som gav oss ei flott innføring i arbeidet til NSMM generelt, og Radio Medico spesielt. Radio Medico er kort fortalt sjøfolka sitt 113-nr. og dei håndterer om lag 1000 førespurnader om medisinsk rådgjeving til skip på alle hav i løpet av eit vanleg år. Tenesta baserer seg i stor grad av frivilligheit og “dugnad”, og dei gjer ein viktig og flott jobb for at våre sjøfolk skal få best mulig hjelp når dei treng det.
Det som kanskje imponerte mest, i tillegg til den enorme medisinske kunnskap og erfaring innan maritim medisin, var det oppriktige engasjementet og lidenskapen som dei hadde til arbeidet. Det var fantastisk å sjå, og er utrulig glad for at dei tok seg tid til å møte oss. Det er ikkje tvil om at det er svært kompetente og kunnskapsrike personar ein møter når sjøfolk ringer Radio Medico for medisinske råd.
Radio_Medico
Dei tre vi møtte var Alf Magne Horneland, MD, General practitioner, Surg CDR (R), former Staff Surgeon in Royal Norwegian Naval Schools, Arne Johan Ulven, Specialist in Occupational Medicine og Professor Alfred Halstensen, Md, PhD, Specialist in Internal Medicine, Infectious and Tropical Diseases, Head of Department of Internal Medicine, University of Bergen.

Link til NSMM si heimeside finn du her.

For å sjå fleire nyheiter frå SIM, velg Nyhetsarkiv i hovudmeny eller trykkher.