Praktisk informasjon
Vi håper du får ein hyggeleg og lærerik oppleving av å gå på kurs hos oss. Her finn du nokre praktiske opplysningar som gjeld for dei fleste kursa. Har du spørsmål du ikkje finn svar på her eller andre stader på heimesida vår, set vi pris på at du tek kontakt med oss. Vi skal hjelpe deg så godt vi kan.
 
Kursmateriell/bekledning
Undervisningsmateriell blir utdelt på kurset.
Sikkerheitssenteret held utstyr for kurs som krev dette; kjeledressar, støvlar, oljeklede og redningsdrakter. Men vi anbefalar at du tar med eit klesskift + handkle dersom det er sjø- eller brannøvingar, då ein kan risikere å bli litt våt/sveitt under øvingane. Dersom du har meldt deg på HMOB-kurs kan det og vere greit å ha gode sko og varme klær (f.eks. ullundertøy).
 
Matservering
På dei fleste kursa våre er ein enkel lunsj inkludert i prisen, sjå i kursbekreftelsen kva som gjeld for ditt kurs. I pausar serverast gratis kaffi ved SIM.
Der er og mogeligheit for å kjøpe seg mat og drikke ved skulen si kantine.
 
Påmelding/avbestilling
Når du har fått bekrefta plass på kurset av oss, er di kurspåmelding rekna som bindande. Dersom avbestilling vert mottatt mindre enn 7 dagar før kursstart, vert du belasta 20 % av deltakar avgifta, minimum kr.500,- Dersom du ikkje møter på kurs utan å varsle oss, blir du belasta for heile beløpet.
Dersom kursdeltakar vert flytta til neste kurs av same type eller ein annan frå same kunde tek over plassen, vil vedkommande normalt ikkje verte fakturert.

Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med oss.