ECDIS Elektronisk kartsystem STCW

  • Innledning:
    Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr kurs innan elektronisk kartsystem for godkjente anlegg: ECDIS. Kurset er godkjent og i henhold til STCW med 2010 Manilla tillegg.

  • Beskriving av kurs:
    Kurset gjev deltakarane kunnskap og ferdigheiter innan ECDIS og kan nyttiggjere seg av denne kunnskapen ved bruk av systemet. Kurset dekkjer dei krav som er satt i STCW med 2010 Manilla tillegg, tabell A-II/1,A-II/2 og A-II/3 til opplæring for navigatørar i bruk av ECDIS/Elektronisk kartsystem. AIS er ikkje inkludert i dette kurset.

  • Innhald:
    Definisjonar og terminologi, internasjonale standardar og krav, karttypar og grunnlag, generell ECDIS-teori, display og kartinformasjon, ruteplanlegging, ECDIS tilkopla ulike instrument, alarmhandtering, loggføring/datalagring, feil/avgrensingar i eit ECDIS-anlegg, back up system og oppdatering, risiko og avgrensingar ved bruk av ECDIS.

  • Varigheit:
    24 timar over tre dagar.

  • Overnatting:
    Ikkje inkludert.

  • Krav til forkunnskap:
    Ingen.

  • Deltakaravgift:
    Ta kontakt for pris. Prisen inkluderer undervisningsmateriell, lunsj og kaffi.

  • Kursstad:
    Sikkerheitssenteret i Måløy, v/Måløy vidaregåande skule, maritimt bygg. Tennebø, 6718 Deknepollen

  • Påmelding:
    Trykk påmeldingsknappen øvst på sida, eller kontakt oss på tlf. 97 11 99 99 eller e-post: sim@sfj.no