GOC / GMDSS Radiokurs

  • Innledning:
    Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr kurs for betjening av GMDSS radioutstyr om bord i fartøy i radiodekningsområda A1, A2, A3 og A4. etter konvensjonskrav i STCW -95. Generelt radiooperatørsertifikat.

  • Beskriving av kurs:
    Sertifikatet er gyldig for betjening av alle typar radiotelefonstasjonar/påteikningar i den maritime mobile tenesta i alle radiodekningsområde (A1, A2, A3 og A4).

  • Repetisjonskrav:
    Sertifikatet er gyldig i 5 år frå utskrivingsdato.

  • Innhald:
    Kurset gjev grunnleggjande kunnskap om GMDSS systemet, avgrensingar og mulegheiter. Ein får og innsikt i prosedyre og utstyrskrav om bord på skip utrusta etter GMDSS krav.

  • Varigheit:
    120 timar over 16 dagar/2,5 veker. Kursstart alle dagar kl. 08.30

  • Overnatting:
    Ikkje inkludert.

  • Krav til forkunnskap:
    Ingen.

  • Deltakaravgift:
    Ta kontakt for pris. Prisen inkluderer undervisningsmateriell, lunsj og kaffi.

  • Kursstad:
    Sikkerheitssenteret i Måløy, v/Måløy vidaregåande skule, maritimt bygg. Tennebø, 6718 Deknepollen

  • Påmelding:
    Trykk påmeldingsknappen øvst på sida, eller kontakt oss på tlf. 97 11 99 99, eller e-post: sim@sfj.no